Ole Bjørn & Sander · Brattvåg

Hansen&
Longva

To brattvåggutar som kjem heim til jul.

Ole Bjørn og Sander i dress, smilande framfor burgunder bakgrunn med fjell

Julekonsert i Brattvåg

Heimatt til jul

Ein lun kveld rundt bord i storsalen på ID-huset, med kjende julesongar, open bar og god stemning før, etter og mellom songane. Med Rannveig Hatland og The Red Noses – gode musikarar frå Lepsøya.

Dette er julekonserten du reiser heim til – eller får med deg før du reiser heim.

Dato
Fredag 18. desember 2026
Tid
Dørene opnar 19 · start 20
Stad
ID-huset, Brattvåg
Pris
295 kr
Vel bord og kjøp billett Følg arrangementet på Facebook

Nummererte plassar. Gåvekort frå ID-huset gjeld.

Musikk

«God Jul!»

Julesongen Hansen&Longva gav ut i 2018. Han står sjølvsagt på programmet i desember.

Helsing frå ID-huset

Velkommen heim til jul

Ole Bjørn inviterer til «Heimatt til jul» frå Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.

Om Hansen&Longva

Venner sidan første dag i barnehagen

Ole Bjørn og Sander som små, i refleksvestar frå Tryggheim barnehage, ler mot kamera
Tryggheim barnehage. Allereie då var dei to.

Ole Bjørn og Sander har kjent kvarandre sidan første dag i Tryggheim barnehage. Namnet er ikkje meir avansert enn etternamna deira.

«God Jul!» starta som ein spøk i 2018, men vart fort alvor. Sidan har dei lagt ut meir som Hansen&Longva og spelt ein del live.

Sander er det musikalske overhovudet. Han bur i Bergen, der han lagar og gir ut musikk. Ole Bjørn held fortet i Brattvåg, har alltid ein ny idé og trivst best med mikrofonen i handa. Men det som får det til å fungere, er ikkje rollene. Det er at dei kjenner kvarandre så godt. Det er der magien er.

«Mange har lyst til å gjere ting som aldri blir noko av. Vi tenkte: Kvifor kan vi ikkje berre prøve?»

Ole Bjørn Longva til Bygdebladet

Det dei sakna, var ein lokal og nær julekonsert her heime. Så no lagar dei ein sjølve: «Heimatt til jul» – rundt bord, med open bar og songar dei fleste kan.